«Hytta er ikkje så stort som huset vårt i Tyskland, men alt stemmer. Me har all den komforten me treng på lite areal.»

Tyske Jörg-Eden og Susanne Kluin har funne seg til rette i Ålhytta ved Slekaberget.

Kom frå Düsseldorf og fann ei Ålhytte ved Slekaberget.

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Kvifor Norge om vinteren?

Jörg-Eden opplevde Norge for fyrste gong som student. Den gongen reiste han rundt med ein gamal folkevognbuss. Han såg skianlegg og isbrear og syntest det såg spennande ut.

Etter at han møtte Susanne reiste dei fleire år til Alpane på skiferie, men då borna var tre og åtte år gamle, fann dei ingen skianlegg som passa for ein småbarnsfamilie. Då hugsa Jörg-Eden studentreisa til Norge. Dei tok ein titt og fann eit høveleg familieanlegg ved Gålå i Gudbrandsdalen. Det vart ei fin erfaring, og sidan har familien i alle år besøkt Norge for å stå på ski. Først ved Gålå, og seinare i Hemsedal.

«Me ville definitivt ikkje kjøpe ei stor hytte, som etter vårt syn øydelegg både utsynet og landskapet.»

Jörg-Eden Kluin

Frå alpin til langrenn

Susanne fortel at etter ei ulykke for to år sidan kunne ho ikkje lenger stå alpint. Men eit aktivt uteliv var ikkje over av den grunn. Dei gjekk over til langrenn. Og i grunnen passa det bra. Langrenn er på mange måtar meir naturleg når ein blir eldre, var konklusjonen. Dei leita og fann ei Ålhytte på Airbnb. Det vart eit vellykka møte.

«Me likte godt både arkitekturen og materialet.»

Susanne Kluin

Familien fekk godkjensla i Ålhytta dei leigde, og tanken dukka opp: Kvifor ikkje ha si eiga Ålhytte i Norge? Ein samlingsstad for storfamilie og vener. Og kanskje også for barnebarn i framtida. Tilfeldigvis fann dei ei Ålhytte som var lagt ut for sal. Dei tok kontakt med tidlegare eigar, og etter nokre få dagar hadde dei hytta. Alt gjekk fort:

«Me måtte rekke ferga tilbake til Tyskland. Me tenkte ikkje så grundig gjennom det me gjorde før kontrakten var signert. Men me har aldri angra.»

Jörg-Eden Kluin

Vedaveggen

«Det var vinter første gong me var her. Då snøen smelta fann me ein enorm haug med ved like ved hytteveggen. Det såg rotete ut, og me bestemte oss for å bygge ei hylle for veden. Me teikna ei løysing. Inntrykket skulle vera at vedahylla var ein del av den opprinnelege Ålhytta. Neste morgon var eg på veg ned til Monter i sentrum for å kjøpe materialar. Men undervegs tenkte eg: Kvifor ikkje køyre direkte til Ålhytta for å høyre om dei har eit ferdig byggesett for ved?

Der tok dei godt imot meg, men dei hadde ikkje ferdige monteringssett til mitt bruk. Men har du ein plan? spurte dei. Eg viste dei teikninga, og dei vart begeistra. Kan du bruke ei sag? Eg svara ja, og dei sa eg kunne ta med dei materialane eg trengte til prosjektet mitt.

Dette vart eit fint første møte med Ålhytta. Alt var så enkelt og beint fram.»

Denne vedaveggen vart eit
vellykka første møte med Ålhytta.

Gjestehuset

«Ved sida av hovudhytta står eit anneks som for oss er gjestehuset. Det har plass til minst to vaksne og to barn. Barnesenga er laga slik at også vaksne kan sove komfortabelt i den. I gjestehuset er det også eige bad med vaskemaskin. Med dette gjestehuset er det enkelt å invitere vener frå Tyskland. Dei har det komfortabelt i sitt eige krypinn. Dei fyrste som besøkte oss vart så begeistra at dei vurderer å kjøpe si eiga Ålhytte.»

«Dei nye bygga står godt saman med dei gamle. Området er lite forandra og er i harmoni med naturen rundt.»

Jörg-Eden Kluin

«I gjestehuset kan vener frå Tyskland slappa av åleine når det passar dei.»

Uthuset

«Då me kom hit den første sommaren med syklar, kano og anna utstyr for uteaktivitet, forstod me ganske snart at me trengte ein plass til oppbevaring. Det var naturleg for oss å ta kontakt med Ålhytta, og det tok ikkje lang tid før uthuset kom på plass, og det utan at eit lite område på tomta med lilla blomar vart øydelagt.»

«Fordi konstruksjonen er modulbasert, er det ukomplisert å utvide hytta etter nye behov.»

Jörg-Eden Kluin

Uthuset: Ein utelivsfamilie treng eit eige uthus til alt fritidsutstyret.

Badstova

«Me tenkte ganske snart at det hadde vore fint med ei badstove. uthuset var på plass, fekk me vite at Ålhytta nettopp hadde designa og bygd ei eiga frittståande badstove. Me brukte berre ti minutt på å bestemme oss; ei slik badstove ville me gjerne ha. Ferien vår var over, men Ålhytta lova at badstova skulle vera på plass når me kom til hytta på juleferie. Undervegs i byggeprosessen fekk me informasjon om og foto frå prosessen. Tre månader seinare, 19. desember, prøvde me badstova for fyrste gong. Ei fantastisk oppleving.»

«Me brukte god tid på å finne den rette plasseringa av både uthuset og badstova. Me ville bevare alle trea på tomta.»

Susanne Kluin

I badstova stig kjernetemperaturen til gløden glitrar i kinna.

«Me tenkte; det hadde vore moro med ei badstove. Tre månadar seinare prøvde me badstova for fyrste gong.»

Plassering av nye hus på tomta

«Me brukte god tid på å finne den rette plasseringa av både uthuset og badstova. Me ville bevare alle trea på tomta. Og me ville sjølvsagt ikkje øydelegge den fine utsikta frå hytta. Frontvindauget er vendt mot sør. Me kan sjå sola gå frå venstre mot høgre heile året. Difor måtte me plassere dei nye bygningane nord for hytta. 

Me har begge studert matematikk og er rimeleg interesserte i symmetri. Me såg til at det nye uthuset var heilt på linje med taklina til hovudhytta. Med badstova vart det litt meir komplisert. Me kunne ikkje berre parallelforskyve taklina til dei andre bygga. Då kom inngangen i konflikt med hagen vår. Me måtte dreie badstova i rett vinkel til dei andre bygga. Her vart badstua plassert bak nokre gamle bjørketre.

Det ser ut som begge dei nye bygga har stått her i fleire tiår. Området er lite forandra, og me er fornøgde med at alt er i harmoni med naturen rundt.»

Jörg-Eden Kluin

Mindre hus og gode møteplassar

«Me har fått mykje skryt for plasseringa av husa. Piknikplassen i midten har vorte hyttetunet vårt. Ikkje visste me at våre tankar er dei same som arkitektane bak Ålhytta hadde. For me ynskte oss heller ikkje ei stor hytte. Me ville ha fleire mindre hus som ramma inn uterommet vår. Og med eit eige gjestehus treng me ikkje å bu oppå kvarandre. Gjestene våre kan slappe av åleine når dei vil. Det er greitt med litt avstand. Og så kan me samle oss rundt matbordet, i hyttetunet og på terrassen for å sjå sola gå ned i vest. Det kunne ikkje vore betre.»

«Me har fått mykje skryt for plasseringa av husa. Piknikplassen i midten har vorte hyttetunet vårt.»

Jörg-Eden Kluin

Begeistra: Dei fyrste som besøkte oss vart så begeistra at dei vurderer å kjøpe si eiga Ålhytte.

Tidlaus arkitektur

Jörg-Eden og Susanne veit kvifor dei syns hytta fungerer så godt:

«Det fyrste du møter når du kjem inn i ei Ålhytte, er alle vindauge. Du er inne, men også ute. Det var det fyrste me la merke til. Og det lyse interiøret forsterkar utsynet og kjensla av å vera ute.

Det neste me legg merke til, me som er vane med murhus, er atmosfæren i eit trebygg. Det luktar aldri vondt. Sjølv om hytta står tom i tre månadar, luktar det behageleg når me kjem attende.

Hytta har gode og plassøkonomiske løysingar. Nesten som i ein seilbåt. Hytta er ikkje så stort som huset vårt i Tyskland, men alt stemmer. Me har all den komforten me treng på lite areal. Med gjestehuset har seks vaksne og fire barn alt dei treng.

Hemsen er ein fin plass for mindre barn. Hadde me hatt ei slik hytte den gongen barna våre var små, hadde dei leika i lang tid der oppe. I alle fall dottera vår. Hemsen blir definitivt perfekt for eventuelle barnebarn.

«Her er me i naturen. Og me kan sjå dyr i skogen.»

Susanne Kluin

«Me ynskte oss ingen stor hytte. Me ville ha fleire mindre hus som ramma inn uterommet vårt.»

Konstruksjonen er enkel og funksjonell. Du ser kva du må gjere viss du vil endre noko. Tidlegare eigar utvida kjøkkendelen. Med denne konstruksjonen var det enkelt å bygge om. Det gir ein fordel for folk som oss, som kjøper ei eksisterande Ålhytte. Fordi konstruksjonen er modulbasert, er det ukomplisert å utvide hytta etter nye behov.

Me likar at hytta er låg og har ei trefarge. Då glir bygget meir på plass i landskapet. Viss du kjem hit med bil, særleg om sommaren med lauv på trea, ser du ikkje hyttene før du er ganske nær. Me ville definitivt ikkje kjøpe ei stor hytte som etter vårt syn øydelegg både utsynet og landskapet.»

Frå ulykke til Ålhytte

Susanne og Jörg-Eden må smile når dei tenkjer attende på ulykka som sette ein stoppar for alpinkøyring i bratte bakkar.

«For oss vart ulykka eit lykketreff. Me fann draumehytta vår. Her er det gode skiløyper om vinteren, i eit vakkert landskap. Her er me i naturen. Og me kan sjå dyr i skogen og graset som veks. I sommar vart me overvelda av all den grøne vegetasjonen rundt hytta som me ikkje hadde sett før. Og blomar, gule og blå. Her bur me midt i naturen og det passar oss perfekt. Ein vakker stad.»